flytande vending
•
Verk laga til mi separatutstilling flytande vending i Valestrand Kulturkyrkje i juli 2026.
Her utforskar eg transformasjonen av kulturkyrkja frå ein utelukkande religiøs institusjon, til ein open, inkluderande kulturarena. Ved å sjå nærare på kvar av dei ti kyrkjene til arkitekten Ole Vangberg set eg fokus på den einskilde i ei homogen gruppe.
Vatnet som tema, flyt gjennom utstillinga som eit bindande element, både geografisk, som kjelde til nytt liv og rensing, men samstundes flyktig og forbigåande. I grafikken er ‘vendinga’ ein føresetnad for alt ein skaper, medan det i denne konteksten også utforskar ein moderne reformasjon av kulturkyrkja som skipnad.
Til utstillinga arbeider eg berekraftig med materiale som stammar frå Sveio – funne, fått eller foredla – for at verka skal spegla staden: landskapet og menneska som bur der, òg i sin fysiske konstitusjon.
Prosjektet under utarbeiding fram mot utstillingsopninga 7. juli 2026
Under syner eg verk etter kvart som dei vert ferdigstilt.
Alle verk vil vera til sals gjennom utstillinga. Ta kontakt for nærare opplysningar.
Vinje (2026)
tresnitt / woodcut
46×31cm
N°28 (2026)
tresnitt / woodcut
31×46cm
•
