top of page

Building bridges…

Oppdatert: 12. jul. 2023

om å bygga bruer (English text below)


Eg har landa på den andre sida av ein lang og fin sommarferie i Noreg. Det er lett å dra fram mange høgdepunkt frå eit månadslangt opphald, men likevel står éin ting fram som særs nemneverdig. Torsdag 6. juli var det opning og vernissasje på galleri Norske Grafikere i Oslo, og eg var ein av 21 utstillerar som høgtideleg vart ønskt velkomen som nytt medlem.

I utstillinga, som varer til 12. august, viser eg diptychet/dei 2 kunstnarkarta 'Aln' og 'Alna' og tresnittet 'ode til E&N'. Eg fekk mange spørsmål om kva titlane tyder og kva trykka skal forestilla, noko eg alltid eg er glad for å høyra. Kunstverk skal gjerne vekkje interesse og framkalla spørmål, og slik likar eg også å gå fram i mitt arbeid med kunsten. Eg stiller spørsmål saman med verket, men det betyr ikkje nødvendigvis at eg må finna eit svar. Om livet har lært meg noko, så er det at eg kjem mykje lenger med å vera leitande enn å vera den som absoutt skal finna.


Ode til E&N

– kven er E og N? Viser trykket fjelltoppar med snø på? Er det gule blomar me ser? Kva er alle dei ulike elementa i dette motivet? Kvifor denne 'oden'?

For å svara på alle desse gode og fine spørsmåla, må me tilbake til 2020 då eg laga den opprinnelege versjonen av tresnittet – altså ei treplate med utsjæringar som ein gjer eit eller fleire avtrykk frå. Eg arbeidde med den skriftlege delen av Bacheloroppgåva mi, som tok føre seg kunstnarskap og kunstnarliv i periferien, og omhandla fire kunstnerar/kunsthandverkerar frå to ulike områder – Orknøyane og Jølster. Det var i sistnemnde at kunstnarparet Astrup levde og dei vart hovudpersonane i denne såkalla 'Honours dissertation', skrive i mitt siste år på Gray's School of art i Skottland. Det hadde byrja å bli klart for meg at grafisk design ikkje var vegen eg ville gå, og at å vera illustratør ikkje var det rette for meg, eg måtte gå vidare på vegen. Eg ville studere til å bli kunstnar med fokus på grafikk. Dette leia meg naturleg til å gjera research på norske grafikerar då eg skulle planlegge den skriftlege bacheloroppgåva mi, sommaren 2019. Eg las om foreininga Norske Grafikerar som hadde blitt stifta 100 år tidlegare med tidlege grunnleggerar/medlemmer som Johan Nordhagen og Edvard Munch. Sistnemnde vert gjerne rekna som ein pionér innan faget, men det var ein annan pionér som vekte sterkare kjensler med sine trykk og rørte ved ei lengt hjå meg, nemleg Nikolai Astrup. Eg måtte reisa til Astruptunet, eg måtte vera i hans landskap for å forstå hans kunstnarskap. Sommareferien 2019 er i så måte ein av dei mest minnerike og lærerike reisene eg og Kåre har hatt. Eg entra dette magiske fjord- og dal-riket på leit etter mannen som skildra noko eg kunne kjenna meg igjen i, og forlot det med ei ny og sterk kjensle om at eg ikkje kunne skrive noko som helst om Nikolai utan å også skriva om Engel Astrup. Ofte berrre omtala som 'kona til' Astrup, men det mange ikkje veit er at Nikolai var 'mannen til' ei kunsthandverkar. Korleis kan ein seia det? Engel utarbeida mønster til Jølsterbunaden, meir spesifikt tekstiltrykk til forkle, noko som gjer også henne til ein grafikar.

Det var på oppmoding frå vegledaren min, om å laga ei tidsline over Astrup at eg responderte med ei 'kreativ tidsline over Astrupane sitt felles kunstnarliv og kunstnarskap'. Og såleis vart tresnittet, denne oden, til. Dersom du kjenner nokre av Astrupane sine motiv, om det er tresnitt, tekstiltrykk eller måleri, kan du kjenna igjen mange av elementa i dette verket. Dersom dette er nytt for deg, kan du gå på oppdagelsesferd og forhåpentlegvis bli fascinert nok til å leita etter dei originale motiva. Dei er henta frå ei lys, norsk sommarnatt med skinande soleier, ei mørk julenatt med eit audmjukt juletre, det 'kvilande' fjellet Kollen, og mange, mange andre verk som stadig vekkjer noko i meg. Dreg i meg. Minner meg på kor heime er, og seier at snart – og kan hende ikkje like langt borte i horisonten no som før – må også du vende heim.


Ode to E&N

I have landed on the other side of a long and good summer holiday in Norway. It is easy to mention many highlights from a month-long stay, but one thing stands out that is particularly noteworthy. Thursday 6 July was the opening and vernissage at the Norwegian Printmaker's Association's gallery 'Norske Grafikere' in Oslo, and I was one of 21 exhibitors who were solemnly welcomed as a new member. In the exhibition, which lasts until 12 August, I am showing the diptych/the 2 artist maps 'Aln' and 'Alna' and the woodcut 'ode to E&N'. I got a lot of questions about what the titles mean and what the prints represent, something I am always happy to receive. Works of art should call for interest and provoke questions, and this is also how I like to approach my work with art. I ask questions together with the artwork, but that does not necessarily mean that I have to find an answer. If life has taught me anything, it is that I get much further by being a seeker than by being the one who must absolutely find.

Ode to E&N – who are E and N? Does the print show mountain peaks with snow on them? Are those yellow flowers I see? What are all the different elements in this motif? Why this 'ode'?

To answer all these good and interesting questions, I have to go back to 2020 when I made the original version of the woodcut - i.e. a woodblock with carvings from which one or more impressions are made. I worked on the written part of my Bachelor's thesis, which discussed artist life and work in the periphery, and dealt with four artists/artisans from two different areas - Orkney and Jølster. It was in the latter that the artist couple Astrup lived and they became the main characters in this Honours dissertation, written during my last year at Gray's School of art in Scotland.

It had started to become clear to me that graphic design was not the path I wanted to go, and that being an illustrator was not the right thing for me, I had to go further in another direction. I wanted to study further to become an artist with a focus on printmaking. This naturally led me to do research on Norwegian printmakers when I planned my BA thesis, summer 2019. I red about the Norwegian association Norske Grafikere which had been founded 100 years earlier with early founders/members such as Johan Nordhagen and Edvard Munch. The latter is often regarded as a pioneer within the subject, but there was another pioneer who emphasized stronger feelings with their prints and touched something within me, namely Nikolai Astrup. I had to travel to Astruptunet, I had to be in his landscape to understand him as an artist. The 2019 summer holiday is therefore one of the most memorable and educational trips Kåre and I have embarked on. I entered this magical world of fjord and valleys in search of the man who portrayed something I could recognise myself in, and left it with a new and strong feeling that I could not write anything about Nikolai without also writing about Engel Astrup. Often referred to simply as 'the wife of' Astrup, but what many do not know is that Nikolai was 'the husband of' an artisan. How can one claim that? Engel worked out the pattern for the Jølsterbunad, more specifically textile printing for the apron, which equally makes her a printmaker.

It was at the suggestion from my supervisor to create a timeline of tthe Astrups that I responded with a 'creative timeline of the Astrups' joint artistic life and artistry'. And so the woodcut, this ode, came to be. If you know some of the Astrupans' motifs, whether they are woodcuts, textile prints or paintings, you may recognise many of the elements in this woodcut. If this is new to you, you may go on a journey of discovery and hopefully be fascinated enough to look for the original motifs. They are taken from a bright Norwegian summer night with marsh marigolds, a dark Christmas night with a humble Christmas tree, the 'resting' mountain Kollen, and many, many other works that constantly awaken something in me. Drag me. Reminds me of where home is, and says that soon – and maybe not as far away on the horison now as before - you too must return home.



ode til E&N

originalt tresnitt (woodcut): 2020

handkolorert variant : 2023

Japanese paper

20x28 cm (papir: 31x46 cm)

available through Norske Grafikere


Åse på opninga av Nye Medlemmer, Norske Grafikere, Oslo Åse at the opening of Nye Medlemmer/New Members, Norske Grafikere, Oslo



Under: 'Building bridges in the periphery', kopiering er ikkje tillate.

Below: 'Building bridges in the periphery', copying is not permitted.






I neste innlegg skal eg formidla dei to kunstnerkartene Aln & Alna.

In my next post I will discuss the two artist maps Aln & Alna.

33 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Takk fyrir!

Comments


bottom of page