Tresnittverkstad på Kabuso
- aasevikse
- 26. juni
- 1 min lesing
I dag, Torsdag 26. juni

Eg gler meg veldig til å treffa unge frå Kvam og sjå kva me kan skapa saman på Tresnittverkstad på Kunsthuset Kabuso i Øystese. Me skal skjera eigne motiv i ulike treslag som me kan prenta på papir. Stikkord er handverk, handlaga, deling og skaparglede gjennom utforsking. Me skal ikkje leita etter det perfekte, men heller prøva oss fram og sjå kva me kan få til i lag.
Kva kan motivet vera? Eg ynskjer at me arbeider med noko som alle har eit forhold til - sin eigen bokstav. På den måten kan me læra kvarandre sitt namn, og ha eit fint motiv å henga opp på veggen etterpå.
Hjarteleg velkomen!
Comments