November

…can you believe we are here already? Soon, windows, streets and hopefully hearts will be filled with lights, joy, hope and happiness. I am looking very much forward to advent. I spoke to someone earlier this week and tried to formulate the difference between Norwegian and British Christmas, now, what is that exactly? I think perhaps there is more focus on advent in Norway, at least from what I am used to. Is it just me or do we simply skip this 'purple season' between Thanksgiving and Christmas in British traditions? Well, all the more important for me to create (or recreate) that cosy atmosphere here at our home in Whitley Bay. We will light candles, four purple – one each Sunday leading up to Christmas, hang shining stars in the window, and bring out the Christmas mugs. Perhaps we bake and eat slightly more than we should, but as they say, 'tis the season.

November

...kan du forstå at me allerede er her? Snart vil vindauge, gater og forhåpentlegvis hjarter fyllast med ljos, glede, håp og lukke. Eg for min del gler meg veldig til advent. Eg snakka med nokon tidlegare i veka og prøvde å formulera forskjellen mellom norsk og britisk jul, kva er nå det eigentleg? Eg trur kanskje det er meir fokus på advent i Noreg, i alle fall frå det eg er van med. Er det berre eg, eller hoppar me rett og slett over denne 'lilla tida' mellom Thanksgiving og jul i britiske tradisjonar? Vel, desto viktigare for meg å skapa (eller gjenskapa?) den koselege atmosfæra her heime i Whitley Bay. Me kjem til å tenna ljos, eitt – av fire – lilla talgeljos kvar søndag fram mot jul, henga skinande stjerner i glasa og ta fram julekrusa. Kanskje baker me og et litt meir enn me burde, men som dei seier, det er advent berre éin gong i året.


News

Two of my prints have recently been selected for Gallagher & Turner's exhibition 'Open Exhibition 2022'. Gallagher & Turner is a recognised gallery in Newcastle, and it is a particular honour to exhibit following Ørnulf Opdahl's exhibition. The fellow Norwegian has shown pictures there with motifs from the west-Norwegian coastal landscape. As a new artist in the area, I see it as a very nice welcome to take part in the group exhibition. I look forward to meeting my co-exhibitors and seeing their work, and to being introduced to the gallery. The works selected are 'fjør' and 'tide', the latter being one of my newest prints, produced during walks in the area around Whitley Bay and finished in the workshop at Northern Print in Ouseburn, Newcastle. 'fjør' was printed in the workshop at Middlesex University as part of my MA and has been shown on two previous occasions, respectively Coningsby Gallery and 'å på K', both in London. I often work with found objects and have a particular fascination for feathers, something that both of these prints bear witness to. The exhibition opens to the public on the 26th of November 2022 and runs until the 21st of January 2023. Many thanks to Gallagher & Turner!

To av mine trykk har nyleg blitt velgt ut til til Gallagher & Turner si utstilling 'Open Exhibition 2022'. Gallagher & Turner er eit anerkjend galleri i Newcastle, og spesielt kjekt er det å stilla ut etter Ørnulf Opdahl har vist sine bilete der med motiv frå det norske kystladskapet. Som ein ny kunstnar i området, ser eg på det som ein veldig fin velkomst å få ta del i denne gruppeutstilliga. Eg ser fram til å treffa mine medutstillerar og deira verk, og å bli introdusert til galleriet. Arbeidene som er antatt er 'fjør' og 'tide', kor sistnemnde er eit av dei nyaste trykka mine, produsert i samband med turar i området rundt Whitley Bay, og avslutta i verkstaden på Northern Print i Ouseburn, Newcastle. 'fjør' vart trykt i verkstaden på Middlesex University som ein del av mi masteroppgåve og har vore vist ved to tidlegare anledningar, henholdsvis Coningsby Gallery og 'å på K', begge i London. Eg jobbar ofte med funne gjenstandar og har ein spesiell fascinasjon for fjør, noko som begge desse trykka er vitne på. Utstillinga opnar for publikum den 26. november 2022 og varer til 21. januar 2023.

Tusen takk til Gallagher & Turner!






https://gallagherandturner.co.uk/exhibitions


Acitvities

Busy days preparing for my upcoming Pop-up in Aberdeen, being just ten days away now. I am producing work specifically for the Pop-up, although I probably said I would not, but who can even remember what they initially said these days? I have decided (without having any plans to deviate from this) not to stress though but simply enjoy. After all, the Pop-up will be held during the Norwegian Christmas market which I am looking very much forward to attending. A warm welcome to 41 Regent Quay on Saturday the 19th of November!

Det er travle dagar med førebuingar til min komande pop-up i Aberdeen, som berre er ti dagar unna no. Eg produserer arbeid spesifikt for pop-up'en, sjølv om eg sannsynlegvis sa at eg ikkje kom til å gjera det, men kven kan i det heile tatt hugsa kva dei opprinnelig sa i desse dagar. Eg har imidlertid bestemt meg for (utan å ha nokon planar om å avvike frå det) å ikkje stresse, men å ha det kjekt. Trass alt skal pop-up'en arrangerast under det norske julemarkedet som eg gler meg veldig til å delta på.

Hjarteleg velkomen til 41 Regent Quay lørdag 19. november!


Recommendations

Last weekend we were on a yoga retreat in rural Norfolk. We decided to go there a long time ago, when we needed something tangible to look forward to on the calendar. As the weekend approached, I was unsure whether I had to go far out of my comfort zone to participate in this gathering. In my comfort zone, it is often just me and one other person. I am not extremely social, I like quiet evenings, and I don't communicate very well with a large group. I am extremely glad that I stepped out of this sone, and I cannot recommend enough to do the same. Maybe your comfort zone is somewhere else entirely, but I found a new comfort zone on this trip. It may have something to do with focusing on what you are actually comfortable with, and then taking it from there. I love yoga, for example, so already there it was a successful weekend. I also love good food, beautiful nature and historic (mansion) houses. And who would have thought that I would be almost emotional by going for a quiet walk with a group? Not me. But if I can learn a little more from both myself and others by pushing myself out of my comfort zone, then it's worth it!

Førre helg var me på yoga-helg i landlige Norfolk. Me bestemte oss for å reisa frå lenge sidan, då me trengte noko handfast å sjå fram til i kalenderen. Då helga nærma seg vart eg usikker på om eg måtte gå langt ut av mi komfortsone for å delta på denne samlinga. I komfortsona mi er det nemleg ofte berre meg og ein til. Eg er ikkje ekstremt sosial, eg likar rolige kveldar, og eg kommuniserer ikkje veldig bra med ei stor gruppe.

Eg er ekstremt glad for at eg trådde utav denne sona, og eg kan ikkje anbefala nok å gjera det same. Kan hende di komfortsone ligg ein heilt annan stad, men eg fann ei ny komfortsone på denne turen. Det har kanskje noko med å fokusera på kva du faktisk er komfortabel med, og så ta det derifrå. Eg elskar yoga feks, så allerede der var det ei suksessfull helg. Eg elskar også god mat, fin natur og historiske (herskaps)hus. Og kven skulle tru at eg nesten blei rørt av å gå ein stille tur ilag med ei gruppe? Ikkje eg. Men dersom eg kan læra litt meir av både meg sjølv og andre ved å skubba meg sjølv utav komfortsona mi, så er det verdt det!






7 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Pop-up