top of page

home • hoem

Oppdatert: 18. nov. 2023

Last week I had the opportunity to show prints in the exhibition space 'Vessel' at York St John University, where I am Artist in Residence. I saw this as an incredibly good opportunity to – not only show art but also - see the art in a room with movement before the upcoming exhibition in London. Many of the works I will show at 'K' in a week's time have never been exhibited before, and it is difficult to say how they relate to a room before they hang, as opposed to lying flat in a drawer. Vessel is a foyer in the 'Phoenix' building with a walk-through gallery, with people moving from one room to another, stops, senses, with wind that swipes through, and works of art, which here take on the role of the constant element. I received excellent help with the installation from two third-year students – a special thanks to Tom and Adrian. The title, or the theme, 'home • hoem', will be continued into 'å på K' and discusses 'home' and all the notions we have around it. It is based on the stories from author Edvard Hoem that inspired prints from 2020, which have developed and become entangled with other influences, such as the Norwegian artist Anna Eva Bergman. As a direct response to her art, after seeing monumental works exhibited in 'Voyage vers l'intérieur / A journey within' at the Musée d'art moderne de Paris, I created the series 'Bakom' meaning 'Behind'.

This was the accompanying text for

home • hoem

A series of prints (2020-23) that in their own way relate to the theme of place.

People who have longed for, returned to, left, and been inspired by places have in return lent their inspiration to the motifs on display.

In 2019 I went on a journey, not just home to Norway, but in search of a place I had only read about. A series of books had become important to me after I had left Norway and moved to Scotland. Within these books, I found people who had also left, although more than a hundred years before me and in any aspect for different reasons. Norwegian author Edvard Hoem wrote about people who left – what can be described as – one of the most beautiful places you could imagine.

The prints depicting the house ‘huset på Kringsjå’ convey a place which will stay forever as the way you left it, unless you return, where upon your arrival you may discover that although nothing – also everything – has changed.

This motif evolves into a different house or, in fact, ‘hytta på Varden’ is a little red wooden cabin that belonged to my great-aunt. It sits on a hill that hides a secluded cairn which has lent its name to this place. Hytta på Varden now serves as a cairn for me, a recurring motif, a place that I return to in both my prints and in person.

The series ‘Bakom’, meaning behind, was made in response to my first encounter with artist Anna Eva Bergman and her work with – and fascination for – the landscape. She, a Norwegian illustrator and artist, lived abroad, most of her life in France with her husband, the more well-known artist Hans Hertung. Anna Eva worked with gold- and silver-leaves in her art and sought to formulate the Norwegian landscape.

From the earliest made prints to the ones I made very recently – they share a thread that resembles a path. You may recognise it as the path that leads towards a home. But what is a home, if not simply a house where people live. A building may house a home but a home does not necessarily require a building. Is it a place you return to in your minds, in your dreams, in your soul?

Nevertheless, houses occur in these prints. The houses represent the act of leaving behind, and, returning.



Førre veke fekk eg mulighet til å visa trykk i utstillingslokalet 'Vessel' på York St John Unniversity, kor eg er Artist in Residence. Eg såg på dette som ein utruleg fin måte å – ikkje berre visa kunst men også – sjå kunsten i eit rom med røyrsle før utstillinga i London. Mange av verka eg skal visa på K om ei vekes tid har aldri vore stilt ut før, og det er vanskeleg å seia korleis dei forheld seg til eit rom før dei heng der, i motsetting til å ligga flatt i ei skuffe. Vessel er ein foajé i bygget 'Phoenix' (føniks) med gjennomgang, med folk som forflyttar seg frå eit rom til eit anna, stansar, sansar, vind som stryk lett forbi, og kunstverk, som her får rolla som det konstante elementet. Eg fekk utmerka hjelp med installeringa frå to tredjeårsstudenter – ein spesiell takk til Tom og Adrian. Tittelen, eller temaet, 'home • hoem', kjem til å førast vidare i 'å på K' og tar føre seg 'heim' og alle dei førestillingane me har om det. Det tar utgangspunkt i historiane til Edvard Hoem som inspirerte trykk frå 2020, som har utvikla seg og vikla seg inn med andre innflytelsar, som til dømes den norske kunstnaren Anna Eva Bergman. Som ein direkte respons til kunsten hennar, etter å ha sett monumentale verk stilt ut i 'Voyage vers l'intérieur / A journey within' ved Musée d'art moderne de Paris, skapte eg serien 'Bakom'.

Dette var den akkompagnerande teksten til

home • hoem

Ein serie trykk (2020-23) som på kvar sin måte forheld seg til temaet stad/place.

Menneske som har lengta etter, vendt tilbake til, forlete og latt seg inspirera av stader har til gjengjeld lånt sin inspirasjon til motiva som er utstilt.

I 2019 drog eg på ei reise, ikkje berre heim til Norge, men på leiting etter ein stad eg berre hadde lest om. Ein serie bøker var blitt viktig for meg etter at eg hadde forlete Norge og flytta til Skottland. Innanfor desse bokomslaga fan eg menneske som også hadde dratt, sjølv om det var meir enn hundre år før meg og av heilt andre grunner. Den norske forfattaren Edvard Hoem skreiv om menneske som forlot – det som kanskje kan beskrivast som – eit av dei vakraste stadene du kan førestilla deg.

Trykka med motivet ‘huset på Kringsjå’ formidlar ein stad som for alltid vil forbli slik du forlet den, med mindre du vender tilbake, korpå kan hende du oppdagar at sjølv om ingenting – så har også alt – endra seg.

Dette motivet utviklar seg til eit annleis hus, eller i røynda 'hytta på Varden', er ei lita raud trehytte som tilhøyrde mi grandtante. Den ligg på ei høgd som skjuler en bortgøymd varde som igjen har gjeve namnet sitt til denne staden. Hytta på Varden tener no som ein varde for meg, eit tilbakevendande motiv, ein stad eg vender tilbake til, både i trykk og i livet.

Serien ‘Bakom’, vart laga som eit svar på mitt første møte med kunstnaren Anna Eva Bergman og hennar arbeid med – og fascinasjon for – landskapet. Ho, en norsk illustratør og kunstnar, budde i utlandet, det meste av livet i Frankrike saman med mannen sin, den meir kjende kunstnaren Hans Hertung. Anna Eva arbeidde med bladgull og -sølv i sitt arbeid og søkte å formulera det norske landskapet i sitt arbeid.


Frå dei tidlegaste trykka til dei eg har laga heilt nyleg – dei deler ein tråd som liknar ein sti. Du kjenner dn kanskje igjen som vegen som fører mot ein heim. Men kva er ein heim, om ikkje berre eit hus der folk bur. Ein bygning kan huse ein heim, men ein heim krev ikkje nødvendigvis ein bygning. Er det ein stad du vender tilbake til i tankane dine, i draumane dine, i sjela di? Likevel, hus førekjem i desse trykka. Husa representerer handlinga å forlata, og, å venda tilbake.


News

In one week I will be heading down to London and start the installation of my Solo Show 'å på K' in 52 Holland Park. The Norwegian YWCA is a grand building with lovely people who live and work there – indeed a home! Everyone is welcome to attend the opening reception at 1 pm on Saturday the 25th of November


It is the last week for the group exhibition in Cambridge showcasing my artist's map 'Angst'. A lot of the work on show in 'the Anxiety of Interdisciplinarity' is for sale, including mine, and the exhibition contains an incredibly great collection of works of art. If you are in or near Cambridge, do make a visit to the Alison Richard Building, 7 West Road, Cambridge CB3 9DP – located on the University of Cambridge’s Sidgwick Site.


This week saw the launch of 'Gathering' a group exhibition at Northern Print:

'Gathering is Northern Print’s final show of 2023 - presenting original prints by some of our 150 studio artists. The exhibition brings together the many people, ideas and prints that have contributed to the life of Northern Print over the last year. All works are available for sale with prices starting at just £20.'

My print 'hytta på Varden' (the green variant) is available to view and purchase through the gallery until December 21st.



'hytta på Varden'



Nyheter

Om ei veke reiser eg til London og startar installasjonen av mi soloutstilling 'å på K' i nr 52 Holland Park. KFUK-hjemmet i London er ein storslått bygning med fine folk som bur og arbeidar der – ein heim i ordets rette forstand! Alle er hjarteleg velkomen til opninga klokka 13 Laurdag 25. November


Det er siste veke for gruppeutstillinga i Cambridge som viser kunstnerkartet mitt 'Angst'. Mange av verka som visest i 'the Anxiety of Interdisciplinarity' er til sals, inkludert mitt verk, og utstillinga inneheld ei utruleg flott samling med kunstverk. Hvis du er i eller i nærleiken av Cambridge, ta eit besøk til Alison Richard Building, 7 West Road, Cambridge CB3 9DP – som ligg på University of Cambridge sitt Sidgwick område.


Denne veka var lanseringa av 'Gathing', ei gruppeutstilling på Northern Print:

'Gathering er Northern Prints siste utstilling i 2023 – som presenterer originale trykk av nokre av våre 150 studiokunstnerar. Utstillingen samlar dei mange menneskene, ideane og trykka som har bidrege til Northern Print's liv det siste året. Alle verka er tilgjengelege for sal med priser som startar på kunn £20.'

Mitt trykk 'hytta på Varden' (den grøne varianten) er tilgjengeleg for å sjå og kjøpa gjennom galleriet fram til 21. desember.



KFUK-hjemmet London, 52 Holland Park



Activities

Exhibition preparations, exhibition preparations, exhibition preparations.

This means preparing prints for hanging, overseeing that everything is signed and in order, putting the last finishes of unfinished works, photographing, editing, evaluating, updating the exhibition catalogue, but also: looking forward to!

Aktivitetar

Utstillingsførebuingar, utstillingsførebuingar, utstillingsførebuingar.

Dette inneber å klargjera trykk for henging, sjå at alt er signert og på stell, legga siste verk på uferdige verk, fotografera, redigera, vurdera, oppdatera utstillingskatalogen, men også: å gle seg!



Recommendations

Exactly that: to look forward to. Perhaps this is important  especially now, with so much horrible happening around us, and as darkness creeps closer with each passing day.

I can feel a lot of stress ahead of an exhibition like this, so it's important to find the bright spots where I know I can lower my shoulders, even if I have to search far into the horizon, or look carefully for the little moments.

Perhaps this sums up why I am a printmaker.

I like working with prints, precisely because I am looking forward to – and enjoy – the meeting with the print.

Anbefalingar

Nettop det: å gle seg. Kanskje er dette spesielt viktig no, med så mykje fælt som skjer rundt oss, og når mørkre kjem krypande tettare innpå oss for kvar dag som går.

Eg kan kjenne på mykje stress i forkant av ei utstilling som denne, difor er det viktig å finna dei lyspunkta der eg veit eg kan senka skuldrene, sjølv om eg må søkja langt fram i horisonten, eller sjå nøye etter dei små augneblinka.

Kan hende dette oppsummerar kvifor eg er grafikar.

Eg likar å jobbe med grafikk, nettopp fordi eg gler meg til – og over – møtet med avtrykket.




19 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page